tirsdag, juni 02, 2015

FLOTT MAIL TIL RASDALEN

Hei! Eg har inga tilknytning til Rasdalen, men har sio di liggjande under favoritter og er jamnt innom. Har vore der tre(?) ganger. Sist i fjor sumar då eg gjekk med ei venninne frå Alexander Grieg til Rasdalen, der me vart henta. Godt trøytt, og som passasjer i bilen vågde eg ikkje eingang å sjå utfor nedetter brekkene. Eg tenkte med meg sjølv at dette er for nifst! ALDRI meir skal eg rota meg opp eller ned frå Rasdalen! Men om gud vil og helso held så har eg absolutt planar om å ta ein tur denne sumaren òg. Med bil. Eg elsker dalen oppover, Holo som er blitt ein vakker plass, Rørbakken , vidare oppover dalen til stølane og Vibotnen. Ufatteleg vakkert alt!

Beste helsing Marit Sæbø, Os.